Her er finn du ei oversikt over offentlege kostnader i samband med gravferder.
Prisane gjeld frå 01.10.23 etter vedtak i Strand kyrkjeleg fellesråd 20.09.2023
Rekning for tenester som ikkje er nemnd her blir fakturert ut etter vanleg timepris.
A For personar som ved sin død tilhøyrer Strand kommune, eller som på grunn av
alderdom eller sjukdom har budd i ein annan kommune dei siste åra, er følgjande tenester
gratis:
- leige av kyrkjer
- leige av kyrkjeleg tilsette
- graving, gjenfylling og i standsetting av grav
Ved gravferd på Idse gjeld dette og leige av Idse/Idsal bedehus.
Unntak:
Personar som ved sin død bur i Strand kommune, men tilhøyrer andre trussamfunn enn Den Norske Kyrkja skal betala for leige av kyrkje og kyrkjeleg tilsette:
- leige av kyrkje med kyrkjetenar kr 3275,-
- leige av organist minstepris kr 2080,- *
* Dersom det er innøving av spesiell musikk eller musikk saman med andre kan timetalet for organist bli høgare
B. Personar som har budd i andre kommunar mesteparten av livet, og som ved sin død ikkje høyrer heime i Strand kommune, skal betala for graving og grav, leige av kyrkje og kyrkjeleg tilsette, og festeavgift.
Festeavgift blir fakturert på førehand for 5 år om gongen
For personar som mot slutten av livet har flytta til andre kommunar på grunn av andre årsaker enn alderdom eller sjukdom, gjeld same regelen om betaling.
Satsane er slik:
- - grav og graving for kistegrav kr 6000,- eller
- grav og graving for urnegrav kr 1500,-
- leige av kyrkje med kyrkjetenar kr 3250,-
- leige av organist, minstepris kr 2080,-*
- festeavgift i 20 år kr 5000,-
* Dersom det er innøving av spesiell musikk eller musikk saman med andre kan timetalet for organist bli høgare
Ut frå pkt 3 om betaling for leige av kyrkjene og pkt 5 betalingssatsar for bruk av kyrkjeleg tilsette og pkt 7 pkt 2 Betalingssatsar- graving av grav, i Grunnlagsdokument for betaling for leige av kyrkjene i Strand, utgifter ved gravferd og festeavgift.
C. Ved kremasjon dekkjer Strand kyrkjeleg fellesråd kremasjonsavgifta.