Rådyr kan tidvis gjera skade på blomar og vekster på gravplassane. Her er informasjon om blomar og planter som kan halda rådyra vekke frå gravene.
Strand kyrkjeleg fellesråd mottar frå tid til annan henvendelsar frå pårørande som har familie gravlagt på Førland gravlund og som reagerer på at rådyr et opp og øydelegg blomar og planter som er sette opp ved gravene.
Det er trist og ubehageleg å komma til ei grav der blomar og planter er øydelagde av rådyr.
Dei siste par åra har fellesrådet og Strand kommune rydda i nokre av randsonane rundt gravlunden for å redusera skjuleplassar og dagleie for rådyra. Det blir også lagt ut husdyrgjødsel enkelte stader på utsida av gravlunden i trekkperiodane om hausten og våren, noko som bidrar til å halda rådyra borte.
Me vil også anbefala pårørande å sjekka ut kva blomar og planter som rådyra ikkje er så glade i. Her er lenker til to lister som kan vera nyttige i så måte - pluss andre tips for å halda rådyra vekke frå gravene:
Tips frå nettstaden hjortevilt.no
Planter rådyr ikkje likar
I tillegg tilrår fellesrådet å strøya blodmjøl rundt gravminnet - gjerne saman med ei blanding av salmiakk og vatn. Dette har ein gode erfaringar med at vil halda rådyra borte frå beda. Blodmjøl kan ein få tak i hos dei fleste planteutsala.
Her er nokre artiklar som opplyser om korleis dette kan gjerast:
Blodmel mot rådyr
Artikkel frå aftenbladet.no om blodmjøl.