Melde endring av festar eller slette grav
Slette grav
Endre festar av grav
Frå vedtekter for kyrkjegardane i Strand
§ 3 FESTE AV GRAV
Ingen kan feste grav på førehand..
Når kistegrav vert teken i bruk, er det høve til å festa ei grav ved sida av og - etter godkjenning frå kyrkjeleg fellesråd - for ei ekstra grav i tillegg når det er grunn for det.
Ved bruk av urnegrav kan ein ikkje festa grav ved sida av.
Ingen kan gravleggast i festa gravstad utan samtykke frå festaren. Dersom samtykke frå festaren ikkje kan innhentast, kan kyrkjeleg fellesråd avgjerda spørsmålet om gravlegging.
Festaren pliktar melda frå om adresseendring.
Når fredingstida er ute, kan grava festast for 5 år om gongen.
Når det er gått 60 år etter siste gravlegging, kan feste ikkje fornyast utan særskilt samtykke frå kyrkjeleg fellesråd.
Eit feste kan ikkje overførast utan samtykke frå kyrkjeleg fellesråd. Samtykket skal skje på grunnlag av ei skriftleg erklæring som er underskrive av opphavleg festar og ny festar.
I god tid før festetida går ut skal festaren varslast. Er festetida ikkje fornya innan 6 månader etter at festet har gått ut, går grava tilbake til gravplassen.