Strand kyrkjeleg fellesråd tilbyr avtale for stell av graver!
Alle har eit ønske om at det skal vere fint ved grava til sine kjære. Men for mange kan det vere krevande å gjere dette sjølv, anten fordi ein bur langt vekke, eller helse eller transport gjer det vanskeleg.
Fellesrådet kan tilby avtale om stell med faktura for eitt år om gongen eller forskotsbetale for eit visst tal år.
Gravstell inneheld: Påskeliljer til påske, sommarblomar til 17.mai, påfyll når det trengst utover sommaren, grønt og krans i desember.
Gjødsling og jordforbedring om våren, luking og vatning når det trengst.
Me kan og tilby stell for berre sommarsesongen, frå mai til september.
Me gjer merksam på at det for gravstellavtalane som gjeld heile året er tidsperiodar kor det ikkje er blomar eller pyntegrønt.
Det gjeld på våren før blomane kjem, og om hausten før me legg ned krans til jul.
Pris gjeldande pr 2025:
For grav med vanleg plantefelt kr 2400,
For grav med lite plantefelt/plate framfor gravminne. kr 2000.
For stell og planter i sommarsesongen, mai-september kr 1200
Avtale om årsstell HER
Avtale om forhåndsbetalt stell HER
Frå vedtektene for gravplassar i Strand kommune
§ 9 AVTALE OM STELL AV GRAV
Planting og stell av gravstad kan bestillast gjennom Kyrkjeleg fellesråd. Dette skjer ved forskotsbetalt stell der ein betaler for kvart år, eller for ein nærare avtalt periode.
Avtale om stell kan berre gjerast for ei avgrensa tid, og ikkje lenger enn fredningstida. Deretter kan det forskotsbetalast for inntil 5 år om gongen, like lenge som festetida. Dersom det oppstår slike økonomiske forhold i avtaletida at midlane ikkje rekk til, skal kyrkjeverja gje melding om dette til den som er stellansvarleg. Det er då høve til å auka beløpet slik at det rekk tida ut. Vert det ikkje auka, vil stellet av grava ta slutt når midlane er brukte opp.
Dersom det er midlar att når avtaletida er ute, kan dei brukast av kyrkjeleg fellesråd til å gjera gravplassen vakrare.
Det er Strand kyrkjeleg fellesråd som fastset prisar for gravstell.
Gravstell-midlane vert forvalta i fellesskap, men kyrkjeverja fører eigen rekneskap for kvar avtale som vert revidert årleg. Det er høve til å rekna provisjon for administrasjon og revisjon av stell-pengane.
Avtale om stell av gravstad skal setjast opp skriftleg.
Strand kyrkjeleg fellesråd har ansvar for at gravstader med forskotsbetalt stell blir stelt i samsvar med avtalen.